Tore Ørjasæter

norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tore Ørjasæter
Remove ads

Tore Ørjasæter (fødd 3. mars 1886 i Bråtå i Skjåk, død 29. februar 1968) var ein norsk lyrikar. Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Hovudverket er trilogien om Gudbrand Langleite, som er eit episk verk om konflikten mellom å vere bufast og å vere fri, og mellom gammalt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn, og splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar innan lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar. Ørjasæter skreiv på nynorsk. Han tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle, og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla.

Kjappe fakta
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Verkliste

  • 1908 - Ættar-arv Lyrikk
  • 1910 - I dalom Lyrikk
  • 1913 - Gudbrand Langleite Trilogi, fyrste del
  • 1915 - Manns kvæde Lyrikk
  • 1920 - Bru-millom Trilogi, andre del
  • 1925 - Skiringsgangen
  • 1927 - Skuggen Trilogi, tredje del
  • 1932 - Elvesong Lyrikk
  • 1945 - Livsens tre Lyrikk
  • 1948 - Christophoros Skodespel
  • 1949 - Den lange bryllupsreisa Skodespel
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads