Torkel Lillefosse
botanikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torkel Knutsson Lillefosse (5. juli 1868–9. januar 1946) var ein norsk botanikar frå Strandebarm i Hordaland.
Lillefosse var son til ein plassemann på Litle-Fosse og dreiv sjølv husmannsplassen som nygift i 1900. Han var elles treskjerar. Nokre år seinare busette han seg i kyrkjebygda i Strandebarm og var gartnar, kalla «Kumunegartner» i folketeljinga 1910.
I årevis dreiv han og samla inn plantar i Hordaland og Sogn og Fjordane, plantesamlingar som skal vere dei største og mest allsidige frå desse fylka. Samlingane er i dag fordelt på dei botaniske musea i Bergen og Oslo.
Frå 1921 var Lillefosse statsstipendiat og arbeidde sidan på heiltid med å granske floraen i Vest-Noreg. Han skreiv Strandebarms flora, eit arbeid om vegetasjonen i heimbygda som vart prenta i 1940.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
- Næss, Anders (1947). Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid. Strandebarm og Varaldsøy bygdeboknemnd. s. 29–31.
- Attersyn historisk biletbok frå Kvam. [bind 1]. Bygdejol forl. 1997. s. 80. ISBN 8291520046.
- Jens Holmboe. «Torkel Knutsen Lillefosse». Norsk biografisk leksikon. Første utgave. Bind 8. 1938
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads