Torneelva

elv i Sverige og Finland From Wikipedia, the free encyclopedia

Torneelva
Remove ads

Torneelva (finsk Tornionjoki, svensk Torne älv, Torneälven, nordsamisk Duortneseatnu, meänkieli Tornionväyla) er ei elv nord i Sverige og Finland. Om lag halvparten av elva dannar grensa mellom desse to landa. Ho har sitt utspring i Tornesjøen (svensk Torneträsk) nær grensa til Noreg, og renn stort sett søraustover i 522 km, før ho munnar ut i Bottenvika. Ho er den største elva i Norrbottens län både i lengd og nedslagsfelt.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ved Freden i Fredrikshamn i 1809, då Sverige miste områda til Russland som i dag utgjer Finland, vart elva i lag med Muonioelva og Könkämäelva vald som grense mellom Sverige og det nye russiske Storhertugdømet Finland, og dei svenske provinsane Lappland og Västerbotten vart delt.

Byar langs Torneelva har ofte både svensk og finsk namn, som Haparanda (frå finsk Haaparanta, «Ospstrand») og Torneå (frå finsk Tornio).

Dei største sideelvane (lengre enn 100 km) i den svenske delen av nedslagsfeltet til Torneelva er Lainioelva, Muonioelva, Rautaselva, Tengeliönelva og Vittangiaelva. Tärendöelva er ei todelt elv som renn ut i Kalixelva nær Junosuando

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads