Torodd Idrettsforening
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Torodd Idrettsforening er eit norsk idrettslag heimehøyrande i bydelen Frogner i Oslo. Laget vart stifta 29. april 1906 og var knytt til Frogner stadion. Det flytta seinare til Grefsen.[1]
Idrettslaget var aktivt med i friidrett og skiidrett. Særleg utmerkte medlemene seg i friidrett. I mellomkrigsåra sanka hopparane Sverre Hansen, Erling Aastad, kastaren Johan Trandem og hekkeløparen Konrad Hauge laget fleire gullmedaljar i noregsmeisterskap i friidrett. På 1950-talet vart både Audun Boysen og Kai Sjøberg norske meistrar som Torodd-medlemer.
Frå ein gong i 1950-åra var Torodd eit reint friidrettslag.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads