Tove Mohr

norsk kvinnesaksforkjempar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tove Mohr
Remove ads

Tove Kathrine Mohr (3. mars 189126. august 1981) var ein norsk lækjar og sosial-reformator. Til liks med mor si, kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller, arbeidde Mohr for mødrehygiene og abortsak. I abortspørsmålet tok ho til ords for at kvinna sjølv måtte bestemme. Også i fråhaldssaka engasjert ho seg sterkt, ho såg samanheng mellom dei to saksområda.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Tove Møller voks opp i eit frisinna miljø på herregarden Thorsø i Østfold. Ho tok artium i 1909 og reiste året etter til London, der ho deltok i suffragettene sine demonstrasjon for kvinnestemmeretten. Frå 1910 studerte ho medisin, embetseksamen tok ho i 1917, tre år etter ho gifta seg med Otto Lous Mohr. I 1918 reiste ekteparet til USA, der ho arbeidde på Women's Hospital ved Columbia University. Etter opphaldet i USA arbeidde Tove Mohr både på den kirurgiske avdelinga ved Ullevål sykehus, ved Kvinneklinikken og ved barneavdelinga til Rikshospitalet, alle saman i Oslo. I 1922 opna ho privat legepraksis, og frå 1926 var ho lege ved nyoppretta Bethanien fødehjem. Åra 1928–31 underviste ho i fysiologi og helselære ved Statens lærerinneskole på Stabekk.

Elles var Tove Mohr medlem i Straffelovkomiteen av 1922, formann i Oslo edruskapsnemnd i fleire år, medlem av Oslo verjeråd og av tilsynskomiteen for Landsfengselet for kvinner. I 1934 var ho med i Justisdepartementet sin komité til revisjon av abortlovgjevinga. I tillegg var ho medlem i skulestyre i Oslo, Sosialdepartementet sin komite til revisjon av rusdrikklova i 1947 og formann i Oslo Mødrehygienekontor 1948–52.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads