Træna kommune

kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Træna kommune
Remove ads

Træna er ein kommune i Nordland fylke. Han ligg vest for Lurøy kommune og sørvest for Rødøy kommune. Ifylgje kommunen sine nettsider er Træna landets eldste fiskevær. Kommunen består av over 1000 øyer, holmar og skjer.

Thumb
Hamna i Træna
Thumb
Sanna sett frå Husøya på Træna
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Dei folkesette øyene på Træna er kommunesenteret Husøy, Selvær, Sanna og Sandøy. Det er på Sanna at dei 5 karakteristiske fjelltoppane ligg.

Hovudnæringsveg på Træna er fiske. Den største bedrifta i kommunen er Modolv Sjøset AS, som i høgsesongen sysselset over 100 personar.

Kvar sommar sidan 2003 har øya arrangert Trænafestivalen, ein musikkfestival som trekkjer rundt 2000 menneske kvart år.

Over 180 fugleartar er registrerte på Træna.

Træna har eigen barne- og ungdomsskule med litt over 60 elevar. For å gå på vidaregåande, reiser elevane som oftast til Nesna eller Sandnessjøen.

Scener frå Træna vart brukt under filmatiseringa av boka Tatt av kvinnen av Erlend Loe.

I 1969 vart det gjeve ut eit norsk frimerke med ein illustrasjon av øya Sanna.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Træna kommune


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads