Trélatête

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trélatête
Remove ads

Aiguilles de Trélatête er eit 3 920 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane. Grensa mellom det franske departementet Haute-Savoie og den italienske provinsen Aostadalen går over fjelltoppen. Fjellet har fire toppar, alle mellom 3920 og 3884 moh. Den sørvestlege toppen er den høgste og ligg eit par hundre meter inne på italiensk side av grensa. Til alle sider er Trélatête omgjeve av isbrear. Trélatête ligg om lag to kilometer sør for Dômes de Miage og om lag like langt nord for Aiguille des Glaciers.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Sommaren 1864 nådde dei to britiske fjellklatrarane Anthony Reilly og Edward Whymper toppen av Trélatête, assistert av dei franske fjellførane Michel Croz, Michel Payot og Henri Charlet. Dei fem var både på den høgste toppen og på den sørlege, tredje høgste toppen på Trélatête.

Trélatête vert vanlegvis bestige frå den italienske sida.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads