Tranøybotn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tranøybotn er den inste delen av Tranøyfjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8,5 km nordaustover på sørsida av Senja til Kampevoll i botn av fjorden.
Fjorden startar ved Tranøya i sør. Forøya er ei anna øy i fjorden nordaust for Tranøya. Revsnes ligg mellom Tranøya og Forøya og sør for dette neset går Solbergfjorden austover. Myklenes er eit anna nes i fjorden nord for Forøya. Bortsett frå grenda Kampevoll er det berre spreidde gardsbruk og langs fjorden.
Riksveg 860 går langs heile vestsida av fjorden, medan Fv231 går langs austsida.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads