Trento-provinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Provinsen Trento[a] er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Byen Trento hyser provins-administrasjonen. Provinsen har eit areal på 6 207 km² og totalt 541 098 innbyggjarar i 2018. I 2013 er det 217 kommunar i provinsen.
Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Remove ads
Geografi
Nesten heile provinsen Trento er dekt av fjell, med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårane mellom Italia og Nord-Europa. Andre dalar i provinsen er Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.
![]() |
Dei største kommunane i provinsen:
Remove ads
Merknader
- italiensk Provincia autonoma di Trento, Den autonome provinsen Trento
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads