Tretåbuttnebb

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tretåbuttnebb
Remove ads

Trebuttnebb (Cholornis paradoxus) er ein medlem av buttnebbfamilien, Paradoxornithidae. Han er endemisk for Kina.

Kjappe fakta

Denne arten er særs lik brunbuttnebb både i storleik, fjørdrakt og i læte. Men trebuttnebb skil seg frå alle andre buttnebb og frå alle andre i heile Passeriformes ved at han har to samansmelta tær. Storleiken er 20–21 cm og dei veg frå 31,5 til 39 gram. Fjørdrakta er som brunbuttnebb, og liknar elles meir på storbuttnebb enn andre artar i Paradoxornis.

Songen liknar song frå storbuttnebb, med ganske høge, tydelege og relativt formulerte songar, vanlegvis av opptil fire tonar. Men ropa skil seg frå dei åt storbuttnebb, med gutturale og korte skingrande høgfrekvente lydar og harde sprakande tonar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads