Troja

oldtidsby nordvest i Tyrkia From Wikipedia, the free encyclopedia

Troja
Remove ads

Troja (gresk Τροία, Troia, også Ἴλιον, Ilion, latin Troia, Ilium, tyrkisk: Truva) er ein legendarisk by i det historiske området Troas i det nordvestlege Litleasia, i dagens Tyrkia. Soga seier at Troja vart kringsett og til slutt erobra av grekarane. Ein del av krigen om Troja er skildra i Iliaden av Homer. Fram til den tyske arkeologen Heinrich Schliemann fann ruinane av byen i 1870, trudde ein at byen var ein fiktiv stad. Arkeologiske utgravingar har stadfesta omlag ni ulike lag frå omlag 3000 f.Kr. til fyrste århundre e.Kr. Ein trur idag at krigen om Troja som er omtala i blant anna Iliaden fann stad omlag 1190-1180 f.Kr. i det som arkeologane omtalar som Troja VIIa.[1][2][3]

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Kunstnarleg framstilling av Troja som brenn.

Staden vart fyrst bosatt rundt 3600 f.Kr. og vaks til ein liten befesta by ikring 3000 f.Kr. attmed den vestlege tilkomsten til Dardanellane og langsetter ein ikkje særleg travel handelsrute frå nord langs kysten av Lilleasia. Utgravningar tyder på at velstanden skyldtes tekstilproduksjon og hesteoppdrett.[4] I dei fire tusen åra byen eksisterte vart Troja gjentekne gongar øydelagt og attbygd. Som eit resultat er den arkeologiske staden delt inn i ni lag, som kvar for seg svarar til ein by som var bygd på ruinane av den forrige. Laga er gjeve romertall med nokre underdelingar. Blant dei tidlege laga er Troja II kjent for sin rikdom og imponerande arkitektur. I løpet av sein bronsealder vart Troja kalla Wilusa og var vasall som var underlagt det hettittiske imperiet. Dei siste laga (Troja VIII-IX) var greske og romerske byar som i si tid var turistattraksjonar og religiøse sentra på grunn av si kopling til myter og tradisjonar.

Det arkeologiske området er opent for publikum som turistmål, og det står sidan 1998 på UNESCOs verdsarvliste. Området vart gravd ut av Heinrich Schliemann og Frank Calvert med oppstart i 1871. Under ruinane av den klassiske byen fann dei restar av mange tidligare bosettingar. Funn frå laget VIIa samsvarar med det som seiast i Iliaden. Etterfylgjande utgravningar av andre har bidrege til den moderne forståelsa av staden, sjølv om det nøyaktige forholdet mellom myte og verkelighet framleies er uklårt, og det er ingen handfaste bevis for eit gresk angrep på byen.[5][6]

Thumb
Kart over Troas.
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads