Trond Helleland
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trond Helleland (fødd 10. juli 1962 i Kvam, Hordaland) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Buskerud fylke sidan 1997, etter å ha vore vararepresentant sidan 1989. Helleland er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som konsulent i Buskerud fylkeskommune. Han var medlem av Drammen bystyre frå 1995 til 1999, og av Buskerud fylkesting frå 1987 til 1995, dei fire siste åra også i fylkesutvalet.
Han var formann i Unge Høgre 1986–1988, leiar av Buskerud Høgre 1990–1998, og i kraft av dette, medlem av Høgres sentralstyre i periodane 1986–1988 og 1990-1998. Han har vore medlem av Kringkastingsrådet og ei rekkje andre offentlege utval.
Trond Helleland er gift med stortings- og partikollega Linda Cathrine Hofstad Helleland frå Sør-Trøndelag. Han er også nevø av tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg og oldebarn til tidlegare stortingsmann Johannes Helleland.
Remove ads
Stortingskomitear
- 2009–2013 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2005–2009 medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–2009 varamedlem i Valkomiteen
- 2001–2005 leder i Justiskomiteen
- 2001–2005 medlem i Valkomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen
- 1997–2001 medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
Bakgrunnsstoff
- Trond Helleland hos Stortinget
- Trond Helleland Arkivert 2011-02-02 ved Wayback Machine. hos Høgre
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads