Trondheim katolske stift

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trondheim katolske stift
Remove ads

Trondheim katolske stift eller Trondheim Stift – Midt-Norge er eit katolsk prelatur med sete i Trondheim. Det er leia av ein biskop, men har ikkje status som bispedøme. Av di meininga med nemninga «prelatur» er ukjend for dei fleste i Noreg, vart nemninga «stift» vald i staden.

Thumb
St. Olav kirke i Trondheim, vigsla i 1973, er domkyrkje for Trondheim katolske stift.
Thumb
Våpen for Trondheim Stift

Stiftet femnar om dei som er medlemar av den romersk-katolske kyrkja i fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. I sør grensar stiftet til Oslo katolske bispedømme, i nord til Tromsø katolske stift med sete i Tromsø. Sokna i Trondheim katolske stift er Trondheim, Kristiansund, Levanger, Molde, Ålesund.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads