Trym
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trym (norrønt Þrym) er ein jotun frå norrøn mytologi. Han er kjend frå soga om korleis han stal torshammaren Mjolne og kravde Frøya som kone for at æsene skulle få hammaren att. Soga er fortald i Trymskvida i Den eldre Edda. For å få hammaren attende kler Tor seg som Frøya, i kvinneklede, møter til bryllaupsfeiring og drep både Trym og familien hans.
- Sjå òg elva Trym

Hversu Noregr byggdist oppgjev Värmland som området Trym herska over.
Remove ads
Trym som namn
Sidan 1950-talet har Trym vore brukt som norsk mannsnamn. Trym har namnedag den 9. september. Bruken voks kraftig på 1990-talet, og nådde 0,5 % på 2000-talet. I 2009 var det 2 140 norske menn som heitte Trym. Utanfor Noreg er det lite kjend.
Namneberarar
- Trym Ivar Bergsmo (f. 1962), norsk fotograf
- Trym Tore Riksen (f. 1973), investeringsdirektør i DnBNor og finansbloggar
- Trym Bjønnes (f. 1982), norsk musikar
- Trym Torson, norsk trommeslagar, eigentleg Kai Johnny Mosaker
- Trym Nordgård (f. 1992), norsk snowboardutøvar
Annan bruk
Trymfeltet er namnet på eit norsk petroleumsfelt sør i Nordsjøen.
Saturnmånen Saturn XXX har fått namnet Thrymr etter denne jotunen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Þrymr» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads