Tsilma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsilma (russisk Цильма) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.
Elva har ei lengd på 374 km og eit nedslagsfelt på 21 500 km². 54 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 228 m³/s.
Dei største sideelvane hennar er Kosma og Tobysj frå venstre og Myla og Usa frå høgre.
Tsilma spring ut frå Timanhøgdene på grensa til Arkhangelsk oblast nordvest i republikken Komi. Ho renn nordover før ho svingar austover gjennom øydemarka. I den nedre delen av elva ligg det enkelte landsbyar ved breidda.
Tsilma renn ut i Petsjora på motsett side av byen Ust-Tsilma.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Цильма» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads