Tsjadsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsjadsjøen (fransk Lac Tchad) er ein stor, grunn innsjø i Sentral-Afrika. Han er delt mellom Kamerun, Nigeria, Niger og Tsjad, som han har gjeve namn til. Størstedelen av sjøen ligg i Tsjad og Kamerun.

Tsjadsjøen får det meste av vatnet sitt frå elva Chari, over 90 %. Han har ikkje noko utlaup. Sjøen har ei viktig økonomisk tyding, og gjev vatn til over 30 millionar menneske som lever rundt han.[1]
Innsjøen har krympa gjennom fleire tiår. Ifølgje Global Resource Information Database ved United Nations Environment Programme krympa han med så mykje som 95 % frå rundt about 1963 to 1998. Han var på sitt minste i 1986, med ei flatevidd på 279 km².[2] Ifølgje satellittbilde frå 2007 hadde flatevidda auka att i dei føregåande åra.[3]
Remove ads
Europeisk utforsking
Dei fyrste europearane som nådde Tsjadsjøen, som tidlegare var blitt markert på kart berre med bakgrunn i rykte og tradisjonar, kom dit i 1823. Dei tilhøyrde ein engelsk ekspedisjon som hadde Dixon Denham, Hugh Clapperton og Walter Oudney som sine best kjende deltakarar. Nærare kunnskap om sjøen og landet rundt han i nordvest og aust blei fyrst spreidd gjennom reisene til tyskarane Heinrich Barth og Gustav Nachtigal, fyrstnemnde i 1850–1855 og sistnemnde i 1870–1874. I sør blei Tsjadbekkenet fyrst kartlagt i 1896–1897 av franskmannen Émile Gentil, som følgde Charielva til utløpet hennar i Tsjadsjøen. Eigenskapane og dei særeigne endringane til sjøen blei utforska og kartlagde av ei rekkje franske militærekspedisjonar som byrja i 1900, framfor alt av den franske majoren Jean Tilho, som lenge var stasjonert i Tsjadterritoriet.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads