Tsjikoj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsjikoj (russisk Чикой) er ei elv i Russland og ei av sideelvane til Selenga frå høgre. Ho er 769 km lang med eit nedslagsfelt på 46 200 km² og ei middelvassføring på 263 m³/s.
Elva spring ut frå fjellet Tsjikonskogo og renn langs sørsida av Malkhanskogoryggen på grensa mellom Zabajkalskij kraj og Burjatia og delvis langs grensa til Mongolia.
Elva frys vanlegvis til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til april eller tidleg i mai. Tsjikoj er framkommeleg for skipsfart 152 km opp frå munningen. Ein del av vatnet vert nytta til vatning.
Den største sideelva hennar er Menza.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Чикой (река)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads