Tsjirka-Kem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsjirka-Kem (russisk Чирка-Кемь) er ei elv i Karelia i Russland og ei av sideelvane til Kem frå høgre. Elva er 221 km lang og har eit nedslagsfelt på 8 270 km². Elva har ei middelvassføring på 81 m³/s.
Elvar spring ut frå innsjøen Naomango i Dei vestkarelske åsane. Ho renn gjennom ei rekkje innsjøar på vegen og til slutt ut i Jusjkojarvi.
Tsjirka-Kem inneheld mange stryk, mellom anna det kraftige stryket «Gorsjok» som ein kan høyre i ein avstand på tre kilometer. Elva frys vanlegvis til i slutten av oktober eller i november og er islagd til månadsskiftet april/mai. Stryka frys derimot ikkje til.
Av sideelvar til Tsjirka-Kem finn ein Ovra frå høgre.
Elva vert mykje nytta til vassport.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Чирка-Кемь (река)» frå Wikipedia på russisk, den 25. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads