Tsjukotko-kamtsjatkiske språk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tsjukotko-kamtsjatkiske språk
Remove ads

Tsjukotko-kamtsjatkiske språk er ein språkfamilie i det nordaustlege hjørnet av Sibir, mot Beringstredet. Familien består av to språkgreiner, tsjuktsjisk og kamtsjatisk. Den tsjuktsjiske greina omfattar tsjuktsjisk, korjakisk, aljutor og kerek. Det var tidlegare fleire kamsjatiske språk, men berre eitt, itelmensk, har talarar i dag.

Kjappe fakta
Thumb
Kart over utbreiinga til dei tsjukotko-kamtsjatkiske språka

Tsjuktsjisk og itelmensk blir ofte, i lag med fleire andre austsibirske språk, referert til som paleosibirske språk. Dette er ikkje ein språkfamilie i eigentleg forstand, i og med at ingen har vore i stand til å vise til genetisk slektskap mellom desse språka. Dei paleosibirske språka er dermed rett og slett dei (attlevande) urfolksspråka i dette området.

Medan dei tsjuktsjiske språka ligg ganske nær kvarandre, er det ganske stor språkleg avstand mellom tsjuktsjisk og itelmensk.

Remove ads

Litteratur

  • Fortescue, Michael. 2005. Comparative Chukotko–Kamchatkan Dictionary. Trends in Linguistics 23. Berlin: Mouton de Gruyter.

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads