Tuihonningetar
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tuihonningetar (Prosthemadera novaeseelandiae) er ein sporvefugl som er endemisk for New Zealand. Han er ein av dei største medlemmene i den mangfaldige honningetarfamilien.
Namnet på maori er tūī, og tui har òg blitt det vanlege trivialnamnet på engelsk.
Remove ads
Skildring
Denne fuglen ser tilsynelatande heilt svart ut, bortsett frå to små kvite fjørduskar på strupen og ei lite, kvitt vengeband. Ved nærare ettersyn kan ein observere at tuihonningetaren har falma, brunare flekker på ryggen og flankane, ein fleirfarga iriserande glans som varierer med lysvinkelen i farger som grønt, blåfiolett, og bronse. Små, kvitskafta fjører på nakken og sidene av halsen dannar ein bleika krage. Nebbet er svart og svakt nedkurva. Kroppslengda er 30 centimeter, hannar er tyngst ca. 120 gram og hoer 90 g, elles er kjønna like.[2]
Tuihonningetarar blir rekna å vere svært intelligente. Nett som papegøyar har dei evna til å imitere menneskeleg tale tydeleg,[3] og vart tidlegare trena av maoriar til å etterlikne kompleks tale.[4] Tuihonningetarar er òg kjente for sin støyande, uvanlege og individuelle læte, som kombinerer maorihonningetar-liknande tonar med klikk, latter, knaking, stønn og peselydar. Delar av songen er høgfrekvent og berre delvis hørbar for menneske. I tillegg til individuelle variasjonar finst det regionale variasjonar i lætet.[2]
Nektar er den normale dietten, men dei supplerer ofte med frukt og insekt, meir sporadisk med pollen og frø. Spesielt populær er dei to newzealandske plantane i slekta Phormium, der nektaren nokre gonger gjærar. Dei er dei viktigaste pollinatorane av Phormium, kowhai, Clianthus (kaka-nebb) og nokre andre plantar. Blomane av dei nemnte treslaga har form som svarar til tuihonningetaren sitt kurva nebb, eit døme på mutualisme.[5]
Hannar kan vere svært aggressive, jagar alle andre fuglar, store og små, frå territoriet deira med støyande læte. Dette gjeld spesielt for andre tuihonningetar når ein har funne eit tre med god føde. Hoa byggjer reiret og legg typisk 3 egg i november til desember. Ho rugar aleine og matar ungane aleine den første tida, etter det bidreg òg hannfuglen med føde.
Tuihonningetarar lever over det meste av hovudøyane på New Zealand, på Stewart Island/Rakiura og Chatham-øyane. Andre populasjonar har spreidd seg nord til på Raoul Island i Kermadec-øyane, og sør til Auckland-øyane. Dei er sjeldne på Sørøya aust for Søralpane og på Chatham-øyane.[2] Populasjonen har falle monaleg sidan den europeiske busetjinga tok til, hovudsakleg som eit resultat av omfattande øydelegging av habitat og predasjon frå pattedyrartar.
Likevel er ikkje arten rekna som trua og han har truleg gjort framgang på nokre område, planting både i byar og rurale område kan ha gjeve tilgang på føde året rundt.[2] Populasjonen er estimert til 3 500-15 000 individ, og er minkande.[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads