Turnaren Li Jing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Li Jing (fødd 23. februar 1970) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Hengyang. Han vart verdsmeister i skranke i 1989 og 1991.
Li vart tredjemann i mangekampen under Turn-VM 1989 i Stuttgart. Han fekk bronsemedalje også i lagtevlinga og i bøylehest. Høgdepunktet i meisterskapen kom då han med sine 9,90 poeng delte fyrsteplassen i skranke med Vladimir Artjomov frå Sovjetunionen. To år seinare forsvarte Li meistertittelen i skranke då Turn-VM 1991 vart avvikla i Indianapolis i USA. Han vann også sølv i lagtevlinga og fekk som sist ein bronsemedalje i bøylehest. Frå Sommar-OL 1992 i Barcelona reiste Li med tre sølvmedaljar, oppnådd i ringar, skranke og lagtevlinga.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Li Jing (gymnast)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads