Tursti

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tursti
Remove ads

Tursti er ein sti (stig) i skog, utmark eller på fjellet, eller ein gangveg i by og tettbygd strok, som er meir eller mindre spesielt tilrettelagt for dei som ynsker å gå eller sykle på tur. Ofte er stiane særleg merka som turstiar i både terrenget og på kart, og det er gjerne lagt vekt på at sjølv dei som er ukjende i området, skal kunne finne fram og kjenne seg trygge.

Thumb
Tursti/turveg i Groruddalen i Oslo, markert som tursti med eit skilt
Foto: Helge Høifødt
Thumb
Varde i Jotunheimen merka med ein raud T, som står for Den Norske Turistforening.

I skog og fjell kan medlemar og tilsette i friviljuge organisasjonar ha sytt for at turstiane er merka, rydda for trefall og anna som hindrar ferdsla, ha lagt ut klopper over bekkar, plankar til gå på over myrar, ha sett opp skilt men namnet på staden stien går til, og avstanden dit. Stien kan ha vorte merka med vardar for å syne kor han går over steinete grunn i fjellet, og for at det skal vere lettare å kunne fylgje stien i dårleg vêr, og så bortetter.

Remove ads

Merking av turstiar i terrenget

Sør i Europa kan dei store turstiane eller populære tur-rutene vere nummererte og merka systematisk, som til dømes på dette viset:

Remove ads

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads