Tydal kommune
kommune i Trøndelag From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tydal (sørsamisk: Tydaelie) er ein fjellkommune i Trøndelag fylke. Høgste toppen i Tydal er Storsylen på 1762 moh. Kjente tydalingar er kombinertløparen Ola Morten Græsli, spelemannen Ole Bjarne Østby (trekkspel) og Niklas Dyrhaug (langrenn).
Remove ads

Remove ads
Næringsliv
Tydal er ein stor vasskraftkommune, noko som blir spegla av i dei stiliserte høgspentmastene i kommunevåpenet. Andre viktige næringsvegar er jordbruk, turisme, reindrift og offentleg forvaltning. I tillegg blir det produsert trapper på Tydal trappefabrikk (tilknytt Trapperingen) og det blir levert teknologiløysingar frå Aurotech.
Historie
Tydal vart eigen kommune i 1901. Pilegrimsleia Romboleia gjekk frå Sverige via Tydal til Trondheim. Den var kjent som Via montanarum eller fjellvegen. Leia er godt merkt og halden ved like. 3000 svenske soldatar (karolinarar) døydde i Tydalsfjella vinteren 1718/1719 under Armfeldts felttog, ein av dei største krigstragediane i Norden. Tydal Skytterlag er det eldste laget som er aktivt i dag; stifta i 1906.
Remove ads
Kultur
Tusenårsstad
Kommunens tusenårsstad er Brekka bygdetun. Bygdetunet ligg i kulturområdet Brekka Kistafoss og er eit eldre gardsanlegg. Det har ein sentral plass i kulturlivet i bygda og blir ofte bruka til kulturelle arrangement. Eit historisk friluftsteater om karolinaranes felttog i Tydal blir oppført kvart andre år i permanente kulissar her. Otto Homlung dramatiserer og regisserer karolinarspelet. Musikken er skrive av Henning Sommerro.
Geografi
Sylan ligg i naturskjønne omgivnadar og er eit fint mål for dagsturar eller lengre turar. Høgaste topp er Storsylen på 1762 moh. Kjølifjellet (1288 moh.) er grensefjell mellom Tydal og Holtålen kommune. Via merka turløype til Ramsjøhytta kan ein koma seg inn i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.
Sjå au
- Henfallet
- Stugudal
- Tydal museum
- Myntfunnet i Græsli
- Hilmohaugen
- Storaunstuggu
- Tydal kyrkje
- Kistafoss kraftstasjon
- Tydalsdrakta
- Brekka bygdetun
- Tydalsdialekt
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads