Tyrihjelm

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Tyrihjelm
Remove ads

Tyrihjelm (Aconitum septentrionale eller A. lycoctonum subsp. septentrionale) er ein plante i soleiefamilien som veks vilt i Noreg.

Thumb
Teikning av tyrihjelm
Thumb
Variant med kvite blomar.
Thumb
Frø av tyrihjelm.
Kjappe fakta
Remove ads

Namn

Det greske namnet tydar 'ulvemord', og tyrihjelm har frå gammal tid vorte brukt til å forgifta åte som vart lagt ut til ulven. Planten har òg vorte kalla Nordens arsenikk. Dette skuldast truleg at han har vorte brukt til å ta livet av meir enn ulv. Avkok av tyrihjelm har vore mykje nytta som flugegift og som middel mot skabb og lus.

Namnet tyrihjelm, med variantar som turull, torrolm, tørælm osb., medar truleg på at blada liknar tverrstykket på ein tyrill, som er kjernestaven som vart brukt i ei stavkjerne, ein strokk, og at blomen kan minne om ein hjelm eller ein hatt - jamfør lushatt, som er eit anna vanleg namn på same planten - lus- kjem av at avkok vart brukt til å vaske krøtter med for å bli kvitt lus. Namnet torhjelm er ein litterær folkeetymologi; noko samband med guden Tor/Þórr er ikkje kjent.

Remove ads

Utsjånad

Planten har rette stenglar som er kledd med kjertelhår. Blada er flikete. Tyrihjelm blomstrar i juli-august. Blomstrane er vanlegvis lilla, men kan vera kvite.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tyrihjelm

Kjelder

  • Nordhagen, Rolf, 1951: «Lushatt og tyrihjelm; de botaniske motiver i nordiske navn på Aconitum septentrionale». Norveg 1. 78-254.
  • Høeg, Ove Arbo, 1974: Planter og tradisjon. Floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973. Oslo: Universitetsforlaget, s. 172 ff.
  • Hesselman, Bengt, 1924: «Växtnamnet törel». Nysvenska studier. Tidskrift för svensk stil- och språkforskning. 260-70.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads