Tysfjord kommune
tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tysfjord (lulesamisk Divttasvuodna) er ein tidlegare norsk kommune i Ofoten i Nordland. Frå 1. januar 2020 vart arealet delt i to og slått saman med høvesvis Hamarøy kommune og nye Narvik kommune (som òg inkluderer gamle Ballangen kommune).
- For fjorden med same namn, sjå Tysfjorden.
Tysfjord kommune vart innlemma i Samisk språkforvaltingsområde 1. januar 2006, og var den einaste frå lulesamisk område på norsk side. Då kommunen vart delt vart den nye samanslåtte Hamarøy kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.
Administrasjonssentrum i Tysfjord var Kjøpsvik. Andre tettstader innanfor den gamle kommunegrensa er Drag, Storjord og Musken.
Remove ads
Geografi
Den 1520 meter over havet høge Bjørntoppen, som ligg inne på høgfjellet aust for folkesetnaden, to kilometer vest for riksgrensa mot Sverige, er høgste fjelltoppen i Tysfjord kommune.
Næringsliv
Norcem har ein sementfabrikk i Kjøpsvik, med ca. 130 tilsette. Sementfabrikken vart etablert i 1920, og er basert på kalkstein.
Kultur og utdanning
Árran lulesamiske senter

Foto: Helge Høifødt, 2012
På Drag ligg det lulesamiske senteret Árran. Senteret har ulike funksjonar innanfor administrasjon og undervisning, det inneheld eit lulesamisk museum og ein lulesamisk barnehage. Det inneheld også ei av Sametinget sine avdelingar, og Universitetet i Nordland sitt arbeid med lulesamisk. Árran arrangerer også kurs i lulesamisk.
Utdanningsinstitusjonar
Tysfjord kommune har tre grunnskolar, i Kjøpsvik, Drag og Storjord. Skolen i Drag er den einaste grunnskolen i Noreg som underviser i lulesamisk språk.
Kjende tysfjerdingar
- Sven-Roald Nystø, tidlegare Sametingspresident
- Mikael Urheim, lærar som var med og standardiserte lulesamisk skriftspråk
- Stig Gælok, lulesamisk forfattar
- Frank A. Jenssen, forfattar
- Jack Berntsen, visediktar
Venskapsbyar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads