Tysvær kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Tysvær kommune
Remove ads

Tysvær er ein kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Han grensar til kommunane Haugesund og Karmøy i vest, Sveio i Hordaland og Vindafjord i nord, over Vindafjorden i aust ligg Suldal, i sør øykommunen Bokn og over Boknafjorden i sør ligg Stavanger kommune. E39 og E134 går gjennom Tysvær og kryssar kvarandre i kommunesenteret Aksdal.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kommunen ligg på nordsida av Boknafjorden og landskapet er prega av fleire fjordar som går innover i landet sørfrå. I vest ligg Førresfjorden, litt lenger aust Førlandsfjorden, så kjem Hervikfjorden/Skjoldafjorden/Grindafjorden før kommunen vert avgrensa av Vindafjorden i aust. I nordaust går grensa mot Vindafjord kommune i Yrkefjorden. Mellom fjordane ligg det ein del mindre innsjøar og vatn. Det er ein del mindre øyer i kommunen, den største av dei, og den einaste som er busett, er Borgøy som ligg i Skjoldafjorden.

Tettstader i kommunen er Skre, Førre, Grinde, Aksdal, Østenstad, Slåttevik, Padlene, Nedstrand og tettstaden Høie. Skre ligg også dels innanfor Karmøy kommune.

Mange av dei som bur i Tysvær har arbeidet sitt i Haugesund. Elles er jordbruk ein viktig leveveg, og det vert også drive noko fiske og fiskeoppdrett. Sørvest i kommunen ligg Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg.

Tysvær Bygdeblad er lokalavis for Tysvær. Haugesunds Avis har òg nyhende frå kommunen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads