Union internationale des associations d'alpinisme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Union internationale des associations d'alpinisme
Remove ads

Union internationale des associations d'alpinisme (UIAA, engelsk International Mountaineering and Climbing Federation, dvs «det internasjonale fjellklatrarforbundet») er ein paraplyorganisasjon som samlar over 88 fjellklatrarforbund frå 76 land. Norges Klatreforbund er medlem av UIAA.

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...

UIAA har blant anna tatt på seg oppgåva å utarbeide strenge tryggleiksnormer for fjellsportutstyr, som klatretau, klatreseler, karabinarar og anna utrusting.

Remove ads

UIAA-skalaen

UIAA-skalaen for gradering av klatreruter gjer det mogeleg å samanlikne ulike fjellruter mot kvarandre med tanke på kor vanskelege dei er å forsere. UIAA-skalaen brukar romartal eller (meir vanleg i Noreg) arabiske siffer og går frå 1 til 11 med stigande vanskelegsgrad med stigande tal, og bruk av pluss og minusteikn for fingradering, slik at til dømes 5÷ er ei lett rute av grad 5 og 5+ ei vanskeleg. Skalaen er open i øvre ende.

Remove ads

UIAA sin toppdefinisjon

Ein kommisjon har definert 82 firetusenmeterstoppar i Alpane som dei reknar som eigentlege toppar[1] og har laga ei liste over 46 bi-toppar over 4000 meter som ikkje blir rekna som «fullverdige».

For fjelltoppar under 4 000 meters høgd fint det inga slik liste.

Referansar

Kjelde

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads