Hemimetaboli

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hemimetaboli
Remove ads

Hemimetaboli eller ufullstendig forvandling er ein av dei tre ulike livssyklusane ein finn hjå insekt. Dyr med denne forma for utvikling vert kalla hemimetabole.

Thumb
Nymfer og vaksne insekt av Lygaeus turcicus.

Eit hemimetabolsk insekt har tre livsstadium; egg, nymfe og imago eller vaksent insekt. Nymfestadiet skil seg frå det vaksne ved at individet då mellom anna manglar kjønnsorgan og vengjer.

Døme på hemimetabole insekt omfattar m.a. nebbmunnar, øyenstikkarar, døgnfluger, saksedyr, kakerlakkar, rettvenger, termittar og steinfluger.

Hemimetaboli står i motsetnad til holometaboli og ametaboli.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads