Ulf Timmermann

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ulf Timmermann
Remove ads

Ulf Timmermann (fødd 1. november 1962) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin som vart olympisk meister i kulestøyt i 1988 og europameister i same øvinga i 1990. Han tevla for Aust-Tyskland fram til 1991, i 1992 for eit samla Tyskland.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Thumb
Ulf Timmermann den dagen han sette verdsrekord med 23,06 m

I 1983 i Helsingfors tok Timmermann sølvmedaljen i kulestøyt under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, han fann sin overmann i polske Edward Sarul. Den 22. september 1985 forbetra Timmermann verdsrekorden til landsmannen Udo Beyer med 40 centimeter til 22,62 meter under eit stemne i Aust-Berlin. Året etter fekk han sølvmedaljen i EM, ved det høvet var det sveitsaren Werner Günthör som var hans overmann.

Den 22. mai 1988 vart Timmermann den fyrste i verda som støytte seniorkula over 23 meter. Rekordstøytet målte 23,06 m og var ei rekordbetring på 15 cm i høve til Alessandro Andrei sin gamle verdsrekord. Timmermann levde opp til favorittposisjonen då det vart tevla om kulemedaljane under OL 1988 i Seoul. Med eit bestestøyt på 22,47 m innfridde han favorittstempelet, han slo andremann Randy Barnes frå USA med einast åtte centimeter.

Trass i nokså moderate 21,32 m vann Timmermann gullmedaljen i kulestøyt under EM i friidrett 1990. Med seg på sigerspallen fekk han landsmannen Oliver-Sven Buder på sølvplass.

Timmermann vart austtysk meister i kulestøyt 1988-90, og tysk meister i 1992. Etter å ha vorte nummer fem under Barcelona-leikane i 1992, la Timmermann opp som aktiv kulestøytar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads