Ulkefiskar
fiskeorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ulkefiskar (Scorpaeniformes) er ein stor og vidt utbreidd orden av beinfisk som hovudsakleg består av botnfisk. Det er registrert om lag 1 160 artar, i norske farvatn finst rundt 20 av dei.

Remove ads
Kjenneteikn
Ulkefiskane har få kjenneteikn som er karakteristiske for heile familien. Det viktigaste er ei karakteristisk beinplate i kraniet som går over kjeven mellom auga og gjellelokket. Elles er dei ofte godt pansra, med hovud og kropp dekt med beinplater eller piggar. Bryst- og halefinnane plar vera avrunda. Bukfinnane sit langt framme på kroppen, oftast rett under brystfinnane.
Systematikk
Ulkefiskane er ei kontroversiell gruppe å klassifisera; ulike klassifikasjonar opererer med alt frå 26 til 35 ulike familiar. Dette kjem av at mange av artane i gruppa er lite kjende. Ulkefisk er for det meste botnfisk som i mange høve går særs djupt, noko som gjer studium vanskeleg. I tillegg er det få artar som er noko særleg viktige økonomisk.
Kjelder
- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
- Kjørsvik, Elin (1992): "Ulkefisker" i Norges dyr
- FishBase
- Denne artikkelen bygger på «Scorpaeniformes» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads