Under Cover – Chapter One

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Under Cover – Chapter One er det 125. albumet totalt og det 49. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve desember 2010.

Meir informasjon Tangerine Dream-kronologi ...

Undertittelen «kapittel ein», indikerte at det kom til å kome fleire coveralbum frå bandet, men så langt har det ikkje kome fleire.

Remove ads

Bakgrunn

Ideen til albumet kom til i 2008 i Los Angeles då eit bandmedlem på spøk sa at bandet burde spele inn Topp 40-hits. Etter kvart tende bandet på ideen og laga eit heilt album med coverversjonar.[1]

Kvart bandmedlem fekk kvar velje ut tre songar som skulle spelast inn, og i følgje plateheftet valde dei:

  • Edgar Froese: «Everybody Hurts», «Space Oddity», «Heroes»
  • Thorsten Quaeschning: «Cry Little Sister», «Precious», «Hallelujah»
  • Linda Spa: «The Model», «Suzanne», «Forever Young»
  • Iris Camaa: «Wicked Game», «Hotel California», «Iris»
  • Bernhard Beibl: «Norwegian Wood», «Wish You Were Here»

Vokalisten Christian Hausl, som tidlegare hadde sunge med Tangerine Dream på albumet Madcap's Flaming Duty (2007), song vokal på størsteparten av songane.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Edgar Froese - klaverinstrument, vokal på «Heroes», gitar på «Space Oddity» og «Hotel California»
  • Thorsten Quaeschning - klaverinstrument, korvokal, vokal på «Suzanne», «Norwegian Wood», «Hallelujah» og «Wish You Were Here».
  • Iris Camaa - perkusjon, korvokal
  • Bernhard Beibl - gitar
  • Linda Spa - fløyte, perkusjon, korvokal
Gjesteartistar
  • Chris Hausl - vokal

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads