University of Wisconsin–Madison
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
University of Wisconsin er eit delstatseigd universitet med 15 campusar som inngår i University of Wisconsin System. Flaggskipuniversitetet er eit land-grant-universitet som ligg i Madison i delstaten Wisconsin i USA. Det vert ofte kalla UW Madison som Public Ivy-lærestad.

Universitetet vart oppretta i Madison i 1848. Tjue år seinare fekk denne lærestaden eiga jus-utdanning, og fleire campusar vart grunnlagt utover 1800-talet. Universitetssystemet oppstod 11.oktober 1971 ved samanslåinga av University of Wisconsin og Wisconsin State University.
Dei elleve viktigaste lærestadane under UW som tildeler akademiske grader, er:
- UW – Madison (1848) – 41 466 studentar
- UW – Milwaukee (1956) – 28 309 studentar
- UW – Oshkosh (1871) – 11 080 studentar
- UW – Whitewater (1868) – 10 502 studentar
- UW – Platteville (1866) – 6 732 studentar
- UW – River Falls (1874) – 5 862 studentar
- UW – Eau Claire (1916) – 10 505 studentar
- UW – La Crosse (1909) – 9 818 studentar
- UW – Stout, Menomonie (1891) – 8 327 studentar
- UW – Superior (1893) – 2 924 studentar
- UW – Stevens Point (1894) – 8 842 studentar
- UW – Green Bay (1968) – 5 803 studentar
- UW – Parkside, Kenosha (1968) – 4. 14 studentar
University of Wisconsin Law School i Madison er med sine 820 studentar den einaste offentlege jus-utdanninga i Wisconsin.
Ved universitetet var det 162 933 studentar og 32 000 tilsette i 2007, og same året var skulepengane frå om lag US$ 5 500 i snitt for studentar folkeregistrert i Wisconsin, avhengig av studiestad. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Madison og Milwaukee, elles til mastergad ved dei andre lærestadane.
Lærestaden får fjernvarme frå West Campus gasskraftverk, som yt 150 MW med kogenerasjon.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «University of Wisconsin» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
- University of Wisconsin
- University of Wisconsin System
- University of Wisconsin Law School
- University of Wisconsin Law Library
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads