Unleashed in the East
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Unleashed in the East er det første konsertalbumet til Judas Priest, spelt inn i Tokyo i Japan under Hell Bent for Leather-turneen i 1979. Det kom ut i september 1979 og vart det bestseljande albumet til bandet fram til då, og nådde topp 100 i USA[4] og topp 10 i Storbritannia,[5] og etter kvart eit av fem Judas Priest-album som selde til platinaplate i USA.[6]
Det er omdiskutert kor mykje live albumet i røynda er, og ein har på moro stundom kalla albumet Unleashed in the Studio.[5] Fleire år seinare, etter han hadde slutta i Priest, sa Rob Halford i fleire intervju at musikken verkeleg var live, men at vokalen hans hadde blitt øydelagd på den originale innspelinga og at dei spelte inn vokalen på ny i studio, men på ein konsertliknande måte.[7]
Remove ads
Nyare utgåver
I 2001 kom albumet ut på CD med fire bonusspor, «Rock Forever», «Delivering the Goods», «Hell Bent for Leather» og «Starbreaker», som hadde blitt gjeve ut på ei 7" bonusplate som følgde med den japanske utgåva av albumet i 1979. Tre av desse var frå albumet Killing Machine (gjeve ut i USA som Hell Bent for Leather). «Delivering the Goods» og «Starbreaker» vart berre gjeve ut på den japanske marknaden.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Judas Priest
- Rob Halford – vokal
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar
- Ian Hill – bassgitar
- Les Binks – trommer
- Produksjon
- Produsert av Tom Allom og Judas Priest
- Innspelt av Yoshihiro Suzuki
- Lydteknikar: Neil Kernon
- Fotografi av Fin Costello
Lister
Album
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads