Uran

grunnstoff med kjemisk symbol U og atomnummer 92 From Wikipedia, the free encyclopedia

Uran
Remove ads

Uran er eit radioaktivt, metallisk grunnstoff med atomsymbol U og atomnummer 92. Halveringstida er 4,5 milliardar år. Det høyrer til actinoida og f-blokka i periodesystemet.

Kjappe fakta Basisdata, Namn ...

Uran blir brukt som drivstoff i kjernekraftverk, og sprengstoff i atomvåpen. Utarma uran blir brukt i panserbrytande ammunisjon.

Remove ads

Historie

Bruk

Uran blir brukt som brennstoff i kjernereaktorar i kjernekraftverk (atomkraftverk). Varmen som oppstår ved fisjon av uran blir overført til eit kjølemedium (vatn, tungtvatn eller smelta natrium), som enten kan brukast direkte til å lage damp (kokevatnsreaktor) eller til å varme opp sekundært kjølevatn. I begge tilfella vert dampen nytta i ein dampturbin, som driv ein generator, som lagar elektrisk straum.

Uran blir òg brukt som sprengstoff i atomvåpen. Ei vanleg atombombe inneheld ei eller fleire subkritiske mengder uran som under detonasjonen vert samanføydd til ei kritisk mengde (d.e. at talet på partiklar som kjem frå ein fisjonsreaksjon og som har rett energi og skaper nye fisjonar, i gjennomsnitt er større enn 1), som då eksploderer spontant. Uran som skal brukast i atomvåpen må vera opprika uran, det vil seia at mengda av isotopen, 235U, er auka i forhold til den naturlege førekomsten.

I seinare år har somme produsentar av konvensjonelle våpen teke i bruk utarma uran i panserbrytande ammunisjon, av di uran er svært tett og tungt og kan bryta gjennom tjukt panser. Utarma uran inneheld i hovudsak den minst radioaktive isotopen 238U, men også små mengder av meir radioaktivt material. Bruken av utarma uran i konvensjonelle våpen er omstridd på grunn av den radioaktive forureininga som militært personell på begge sider – og naturen – blir utsett for.

Remove ads

Framstilling

Viktige sambindingar

  • Uranoksid (UO2 og U3O8)

Tryggleik

I tillegg til at uran er radioaktivt og dermed skadeleg, er uransambindingar kjemisk giftige. Dei kan særleg skada lever og nyrer.

Sjå også

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads