Ururalsk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ururalsk, òg stundom kalla protouralsk, er det urspråket som alle uralske språk stammar frå.

Ururalsk er rekonstruert frå dei ulike uralske språka ved hjelp av metodane i den historisk-samanliknande språkforskinga. For kvar uralske språkfamile er det mogleg å rekonstruere eit urspråk (ursamisk for samisk, urfinsk for dei austersjøfinske språka, urmordvinsk for dei mordvinske språka, urmari for dei mariske språka, urpermisk for dei permiske språka, og ursamojedisk for dei samojediske språka. I prinsippet er det også mogleg å tenkje seg urugrisk som eit urspråk for dei ugriske språka, eit slik urspråk har det likevel ikkje vore mogleg å rekonstruere, noko som opnar for ein modell der eitt eller samtlege av dei ugriske språka (hantisk, mansisk og ungarsk har utvikla seg direkte frå eit tidlegare, før-ugrisk urspråk. Rekonstruksjonen av ururalsk er basert på rekonstruksjonen av desse seks mellom-urspråka.

Remove ads

Lydsystem

Det har vorte framsett mange rekonstruksjonar av det ururalske lydsystemet. Denne presentasjonen baserer seg på framstillinga i to nyare handbøker (begge kalla The Uralic Languages), den eine (Oxford) skrive av Ante Aiko og den andre (Routledge) skrive av Mikhail Zhivlov.

Oppsettet for vokalsystemet for ururalsk er henta frå Zhivlov 2024, Aikio opererer med dei same vokalane:

Meir informasjon Fremre, Bakre ...

Oppsettet for konsonantane er også henta frå Zhivlov 2024. Aikio har det same inventoaret, bortsett frå at han operer med ein affrikat (č) og tre sibilantar (s, ś, ?š).

Meir informasjon Bilabial, Alveolar ...


Symbolet x står for ein velar halvvokal eller spirant, som har vorte vokalisert i dei fleste dotterspråka.

Uururalsk har hatt vokalharmoni. Andre staving har innehalde berre ein av vokalane i, e̮, ä, a, og dei har vore avhengig av kvaliteten til vokalen i første staving. Fremre vokalar i og ä har vore i ord med fremre rotvokal, og bakre og a i ord med bakre rotvokal. Det ser ikkje ut til at det har vore lengdedistinksjon i vokalane, men (dei intervokale) konsonantane har vore lange eller korte.

Ordinitialt har det vore berre einskildkonsonantar og mellom vokalar berre ein eller to konsonantar. Dei fleste orda har vore tostava og vokalfinale. Det har også vore ein del trestava ord. Spørsmålet om ururalsk har hatt konsonantfinale ord er ope, men hovudmengda av ord har i alle fall vore vokalfinale.

Remove ads

Morfologi

Ururalsk har vore eit agglutinerande språk, med seks kasus:

Statusen til lativ er uklår. Det er mogleg å rekonstruere også andre lativsuffiks, men det er uklårt om dei har hatt kasusfunksjon. I tillegg kjem karitiv ("utan at") *-ntA, jf. finsk -ttA, abessiv *-haga i visse samiske dialektar.

Ururalsk har hatt tre numerus: eintal, total og fleirtal. Deiie har også kome til uttrykk i possessivsuffiksa, som har kome til gjennom ein grammatikaliseringsprosess der personlege pronomen har vorte klitisert til stammen. Ururalsk har ikkje hatt grammatisk genus. I verbbøyinga har berre første og andre person vore personlege former, tredjepersonsformene går attende på partisippformer.


Remove ads

Syntaks

Ururalsk var eit SOV-språk.


Litteratur

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads