Ústí nad Labem

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ústí nad Labemmap
Remove ads

Ústí nad Labem (tysk Aussig an der Elbe) er ein by i Ústí nad Labem kraj Tsjekkia. Byen ligg heilt nord i landet, om lag 20 km frå grensa til Tyskland ved E55 mot Dresden. Byen ligg, som namnet nemner, ved elva Elbe (tsjekkisk Labe). Han har nesten 100 000 innbyggjarar, og er den niande største byen i landet.

Kjappe fakta Land Kraj, Først nemnd i ...

Ústí ligg i eit fjellområde der elvane Bílina og Elbe (Labe) renn i hop, og er både ein viktig elvehamneby og jarnbaneknutepunkt. Byen er mellom anna fødestad for målaren Anton Raphael Mengs.

Thumb
Elbe flyt gjennom byen

Fram til 1945 var majoriteten av folkesetnaden tysktalande. 31. juli 1945 oppstod det ein eksplosjon ved eit nærliggande ammunisjonslager, og den kommunistiske revolusjonsgarden gav utan nærmare undersøking skylda på den tyske folkesetnaden. Mange tysktalande vart då avretta.

Under den tsjekkoslovakiske tida fanst det mykje tungindustri både i og utanfor byen, mellom anna kjemisk industri og ein kunstgjødselfabrikk midt i sentrum. På grunn av utslepp frå desse fabrikkane var byen ein av dei skitnaste i Europa. Skogområda rundt byen vart sterkt skada av forureining.

Ústí nad Labem fekk internasjonal merksemd i 1999 då ein bygde ein kontroversiell mur for å skilje romanifolk og etniske tsjekkarar frå kvarandre. Etter kraftige protestar vart muren riven ned att av dei tsjekkiske styresmaktene.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ústí nad Labem


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads