Typografisk ellipse

serie av prikkar som typografisk markering av at noko er utelate From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ellipse eller utelatingsteikn; er i typografien eit skriftteikn – tre prikkar – som markerer at noko er utelate i ein tekst. Ein brukar mellomrom før og etter teiknet dersom det markerer at eitt eller fleire ord er utelatne i ein tekst. Dersom bokstavar i eit ord er utelatne, brukar ein ikkje mellomrom.

«Eg veit ikkje … har ikkje tenkt … jo, kanskje.»
«Eg veit f… ikkje.»
Kjappe fakta … Skiljeteikn ...
Remove ads

Når tekst er utelaten frå ein sitert tekst, set ein utelatingsteiknet i hakeparentes.

«Peer du lyver! [] Nå, så bann på at det er sant!»

Teiknet er samansett av tre prikkar. I eit ekte ellipseteikn er det større mellomrom mellom prikkane enn mellom tre punktum skrivne etter kvarandre. Ellipseteiknet er eit eige symbol og tastekombinasjonen (i Windows) for å skrive ellipsen er Alt + 0133. For Mac er kombinasjonen Alt + . (punktum). I Word får ein fram teiknet ved å trykkje ned <alt gr> og <.> (punktum)
HTML-koden for ellipse er «&hellip;»

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads