Uthaugen

ein gard på Fedje From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Uhaugen er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Uthaugen og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I tidlege kjelder vart Uthaugen og Opphaugen, berre kalla Haugen. Dette gjorde det vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, men ein veit at det er snakk om to forskjellige gardar ved at dei aldri er ført opp etter kvarandre i skattelistene. I daglegtalen vert Uthaugen oftast omtalt som «Haugen», medan Opphaugen vart kalla «i Haugen», dette stemmer òg med brukarnamna i dei gamle kjeldene. Uttalen av namnet er «høyen». Garden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1563, og første gongen namnet vart skrive fullt ut som Uthaugen var i 1644.

Uthaugen ligg på ei halvøy i Husavågen. Halvøya dannar ein liten haug, som har gjeve namn til garden. Forstavinga «ut» er truleg for å skilje garden frå Opphaugen og Uthaugen var då garden som litt ut mot sjøen. Ein del av bruket er Smiholmen som ligg midt i Husavågen.

Remove ads

Kjelder

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads