Våler kommune i Østfold

kommune i Østfold fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Våler kommune i Østfold
Remove ads

Våler kommune er ein kommune i Østfold. Kommunen grensar til Indre Østfold i nord og aust, Moss og Vestby i vest, Sarpsborg og Råde i sør, og Skiptvet i aust. Han har tre tettstader der om lag to tredelar av innbyggjarane bur. Desse er Våk, Kirkebygda og Svinndal.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Namn og kommunevåpen

Namnet Våler kjem frå det norrøne ordet valir, som tyder rydning(ar). Kommunevåpenet har òg gamle røter, det var knytt til slekta Bolt som hadde eigedom i området frå 1300-talet. Våpenet er kløyvd, med ei halv lilje i sølv til høgre, og to sparrar i gult til høgre. Det blei teikna av Truls Nygaard i 1986 etter Leiv Merlie sitt føreslag.

Innbyggjarar

Frå gammalt av har dei som har budd i Våler livnært seg ved jord- og skogbruk. Sidan 1970-talet har likevel mange funne seg arbeid i Moss, og kommunen er blitt litt som ein forstad, med mange nye byggjefelt i kort avstand til byen i vest.

Gjennomsnittsalderen i kommunen er blant dei lågaste både i Østfold og resten av Noreg.[treng kjelde]

Geografi

Våler er prega av både flate landbruksområde og åsar med store samanhengande skogområde. Her finn ein over 200 registrerte artar av vilt, mellom anna ulv. Den såkalla Mosseflokken av desse dyra har hovudreviret sitt her.

Kommunen blir gjennomskoren av fire riksvegar: 114, 115, 120 og 121.

Han har ikkje kystline, men ei strandline på meir enn tjue mil mot innsjøen Vansjø.

Verd å vitja

Thumb
Våler kyrkje

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads