Vadfoss/Helle
tettstad i Kragerø From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vadfoss/Helle er ein tettstad i Kragerø kommune i Telemark fylke. Han har 1 531 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg nokre kilometer nord og nordvest for Kragerø by.
Remove ads
Helle
Helle er ein gammal strandstad og seinare industristad på nordsida av Hellefjorden. Det har vore sagbruk på staden allt frå 1556 fram til 1930,[1][2] og deretter ein kjettingfabrikk som i 2005 flytta til Sannidal.[3] Helle låg opphavleg på begge sider av grensa mellom Skåtøy og Sannidal sokn, men i 2005 vart grensene endra slik at staden udelt høyrde til Sannidal.[4]
Vadfoss
Vadfoss er opphavleg ein industristad ved Kammerfosselva som blei bygd opp kring Vafos brug, noverande Vafos AS, tresliperi og papirmassefabrikk, skipa i 1890.[5] Han låg opphavleg i Sannidal sokn.
Éin tettstad
Ved den nye tettstadsavgrensinga frå 2000 blei dei to tettstadene rekna som éin, men den gamle, vestre delen av Vadfoss (ved Vadfoss gamle jernbanestasjon) var ikkje lenger medrekna, berre den austre delen rundt Årø. Frå 2010 utgjer Vadfoss og Helle storparten av Helle sokn som då blei oppretta ved frådeling av Sannidal sokn.
Folketalsutvikling
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads