Val Bregaglia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Val Bregaglia
Remove ads

Val Bregaglia (tysk Bergell Tal) er ein dal i Alpane i Sveits og Italia. Elva Mera (eller Maira) renn gjennom dalen som byrjar ved Malojapasset (1815 moh.) som fører over til Engadin (dalen til elva Inn, som igjen fører til Donau) og strekkjer seg vestover til Chiavenna (333 moh.) like etter Mera renn i saman med Liro. Frå her snur han sørover mot Comosjøen. Det meste av dalen ligg i det sveitsiske distriktet Maloja, medan den nedre delen ligg i den italienske provinsen Sondrio.

Thumb
Soglio i Val Bregaglia i Sveits

Bregagliafjella ligg sør for dalen. Dalen er unik fordi han omfattar nedslagsfeltet til tre store elvar, som kvar renn ut i forskjellige hav. Rhinen, som renn til Nordsjøen, Inn, via Donau til Svartehavet og Po som munnar ut i Adriahavet.

Vicosoprano, Stampa, Bondo, Soglio og Castasegna er landsbyar (tidlegare kommunar) på sveitsisk side. Av italienske kommunar finn ein Villa di Chiavenna, Piuro og Chiavenna.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Val Bregaglia


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads