Valdaj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valdaj (russisk Валда́й) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved Valdajsjøen, rundt 140 km søraust for Novgorod.
Remove ads
Historie

Foto: Alexander Savin
Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1495 og fekk status som by av Katarina II i 1770, då folketalet i byen var kring 2000. Byen vart det førande senteret for produksjon av klokker i Russland. Det kjende Iverskijklosteret (grunnlagd i 1653) og Uspenskijkatedralen (bygd i 1656) ligg på ei av øyane i Valdajsjøen.
Turisme
Valdaj er eit populært turistmål og ligg i midt i nasjonalparken i Valdajhøgdene. Dei fleste turistane kjem til innsjøen og byen om sommaren. Valdaj har mange kvileheimar og sanatorium. Det finst mange campingplassar rundt innsjøen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads