Valderhaugstranda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valderhaugstrand er administrasjonssenter i Giske kommune i Møre og Romsdal, på sør-austsida av Valderøya nordvest for Ålesund. Her ligg Giske rådhus, barne- og ungdomsskular og Valderøy kyrkje. På kjøpsenteret Øysenteret er det fleire butikkar, apotek og redaksjonen til lokalavisa Øy-Blikk. Snøggbåtsambandet Hareid-Valderøy-Ålesund blir trafikkert av MS «Tideekspress» og går fleire gongar dagleg frå ferjekaia på Valderhaugstranda. I nærleiken ligg også den gamle handelsstaden Løeg-garden.
Valderøy fekk ferjefritt fastlandssamband med Ålesund frå 1987. Valderhaugstranda grenser mot grendelaga Valderhaug i nord og Skjong i sør-vest.
Remove ads
Sjå òg
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads