Valence
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valence er ein by og kommune søraust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Drôme, ved den venstre breidda av Rhône. Han ligg om lag 100 km sør for Lyon langs jernbanelinja til Marseille. Byen har om lag 65 000 innbyggjarar, som vert kalla valentinois.
Tidlegare var byen kjend som hertugdømet Valentinois, styrt av hertugen av Valentinois, ein tittel som fyrsten av Monaco framleis har, sjølv om han ikkje har noko administrativ kontroll over området.
Remove ads
Historie
Byen var i romartida kjend som Valentia Julia og var hovudstad i Segalauni og sete for ein lovprist skule før den romerske erobringa. Han vart ein koloni under keisar Augustus, og vart ein viktig by i Viennensis Prima under Valentinian I. Byen var sete for eit bispedøme kanskje så tidleg som på 300-talet. Ataulf omleira og erobra Jovinus ved Valentia i 413. Byen fall så inn under styret til burgundarane, frankarane, maurarane, fyrstedømet Arles, keisarane i Tyskland, grevane av Valentinois, grevane av Toulouse, i tillegg til sine eigne biskopar, som kjempa for å halde kontroll over byen dei hadde vunne på 400-talet. Desse biskopane var ofte i konflikt med innbyggjarane og grevane av Valentinois. For å styrke kampen mot desse grevane slo paven i 1275 saman bispedømet med Die.
Innbyggjarane vart derimot verna av dauphinen (den franske kronprinsen), og i 1456 fekk dei av Louis XI dei same rettane og privilegia som resten av Dauphiné. Biskopane gav seg dermed på det. På 1500-talet vart Valence eit senter for protestantisme i provinsen i 1563. Det vart bygd festningsverk i byen av kong Frans I. Byen vart sete for eit lovprist universitet på midten av 1400-talet, men opphevinga av Ediktet i Nantes i 1685 gjekk hardt ut over industrien, handelen og busetnaden i byen.
Remove ads
Økonomi
Hovudnæringen til Valence er i dag metallurgiske produkt, tekstilar, lêrvarer, smykke og krigsmateriell, og er òg eit foredlings- og handelssentrum for det omliggande jordbruksområdet.
Nokre høgteknologiske selskap har slått seg ned i Valence, som Thalesgruppa, Crouzet/Schneider, Alcatel og Ascom Monetel.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads