Vangen kyrkje

kyrkje ved Aurlandsvangen From Wikipedia, the free encyclopedia

Vangen kyrkje
Remove ads

Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland.

Thumb
Interiør
Foto: florisla
Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum.

Thumb
Klokkestopul i tre

Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads