Steppeklima

From Wikipedia, the free encyclopedia

Steppeklima
Remove ads
Remove ads

Steppeklima (BS) skildrar hovudsakleg klimasoner utanfor arktiske strøk som har ein låg årleg nedbørsnormal (200-400 mm[1]) og som i hovudsak har vegetasjon i form av småskog og kort gras.

Thumb
Regionar med steppeklima ██ BSh, varmt steppeklima ██ BSk, kaldt steppeklima

Köppen si klimaklassifisering omhandlar klimaet på steppene (BS) som området mellom ørkenområda (BW) og dei meir fuktige klimaområda der ein kan drive jordbruk. I tillegg har ein krav for temperatur og årstidsvariasjon i nedbør, slik at steppeklima ikkje gjeld for dei store skogområda i Canada og Sibir. Grenseverdien for nedbør finn ein ved å multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, så legge til 280 om 70 % eller meir av den totale nedbøren kjem i det halvåret sola står høgast på himmelen (april-september på nordlege halvkule, oktober-mars på sørlege), eller legge til 140 om 30-70 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden, eller 0 om mindre enn 30 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden. Visst den totale nedbøren er mindre enn grenseverdien, men meir enn halvparten av grenseverdien vert klimaet klassifisert som steppeklima.

Remove ads

Døme

Fotnotar

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads