Vasily Arkhipenko
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vasily Albertovitsj Arkhipenko (fødd 28. januar 1957) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som spesialister seg i 400 meter hekk og som representerte Sovjetunionen.
Arkhipenko tok bronsemedaljen i 400 meter hekk ved europameisterskapen 1978 i Praha, med tida 49,77 sekund kom han i mål fem hundre dels sekund bak lagkameraten Dmitrij Stukalov, begge to var over sekundet bak den suverene vinnaren, vesttyske Harald Schmid. Den 5. august 1979 sprang Arkhipenko sitt livs løp i Torino der han vart andremann på 48,34, vinnaren Schmid sette europarekord med 47,85 sekund.
Under dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva vann Arkhipenko sølv på langhekken, med tida 48,86 enda han 0,16 sekund bakom Volker Beck frå Aust-Tyskland. I sitt siste store meisterskap, EM i friidrett 1982, kom han med tida 48,68 på fjerdeplass, fattige 0,04 sekund etter bronsemedaljøren.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wassyl Archypenko» frå Wikipedia på tysk, den 6. juli 2020.
- «Vasily Arkhipenko» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads