Vasiugan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vasiugan (russisk Васюган) er ei elv i på Den vestsibirske sletta i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 1080 km lang og har eit nedslagsfelt på 61 800 km².
Vasiugan spring ut frå Vasiuganskikh-myrane. Elva er farbar 886 km oppover frå munningen. Elva har ei middelvassføring på 345 m³/s eller 10,9 km³/år.
Dei største sideelvane hennar er Njurolka og Tsjertala frå høgre, og Tsjizjapka og Jagyljakha frå venstre. Av busetnader langs elva finn ein Novyj Vasiugan, Novyj Tevriz og Srednij Vasiuga.
I nedslagsfeltet til Vasiugan finst olje-, gass- og torvfelt.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Васюган» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads