Vatslav Nizjinskij

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vatslav Nizjinskij
Remove ads

Vatslav Fomitsj Nizjinskij (fødd 12. mars 1890 i Kiev, død 8. april 1950 i London) var ein polsk-russisk dansar og koreograf, og blir av mange rekna som den fremste dansaren i ballettens historie.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han blei fødd i Kiev i ein russifisert polsk familie av omreisande dansarar. I 1900 begynte han på den keisarlege ballettskolen i St. Petersburg, der han utdanna seg hos Nikolaj Legat og Pavel Gerdt. Han debuterte på Marinskij-teateret i St. Petersburg i 1907 i balletten Le Pavillon d’Armide av Mikhail Fokin. Allereie i ein alder av 18 år dansa han dei leiande partia i mange balletter, blant anna Giselle, Svanesjøen, Tornerose, Ivanotschka og Chopiniana ved Marinskij-teateret. Han var partner for dei store ballerinaene Matilda Ksjesinskaja, Olga Preobrasjenskaja, Anna Pavlova og Tamara Karsavina.

Thumb
Vatslav Nizjinskij og Anna Pavlova i Le Pavillon d'Armide (1909)

Frå 1907 til 1911 dansa han med fenomenal suksess alle dei leiande partia ved Marinskij-teateret i St. Petersburg og Bolsjojteateret i Moskva, der han var gjestedansar. Kort etter debuten sin blei han stjernedansar hos Djagilev i Ballets Russes, der han dansa i blant anna Le Spectre de la rose, Petrusjka, Le Dieu bleu, Daphnis et Chloë, Cléopâtre, Narcisse, Le Carnaval og Schéhérezade. I 1909 dansa han i den fyrste sesong til kompaniet i Paris i Mikhail Fokines Les Sylphides, og blei verdskjend. Han oppnådde raskt status som Europas fremste dansar.

I 1912 debuterte Nizjinskij som koreograf med L’après-midi d’un Faune, som grunna element av erotikk blei ein skandale. Både den og dei moderne og sensuelle koreografiane av Jeux og Le sacre de printemps er i ettertid blitt sett på som banebrytande.

I 1913 reiste Ballets Russes på turné til Sør-Amerika, og i Buenos Aires gifta Nizjinskij seg med den ungarske grevinna Romola de Pulszky-Lubocy-Cselfalva. Dette fekk Djagilev til å fjerna han frå dansekompaniet då han kom tilbake til Europa. Etter skiljet med Ballets Russes opptredde Nisjinskij med sitt eige kompani i London, Madrid, Wien, Budapest og USA. Samarbeidet med Djagilev blei søkt gjenopptatt i 1916, då Nisjinskij koreograferte og dansa i Till Eulenspiegel for Ballets Russes. Fram til 1917 hadde Nizjinskij opptredd over heile Europa, i USA og i Sør-Amerika. Han blei kalla "le dieu de la danse" (Dansens Gud).

I 1919, i ein alder av 29 år, gjorde eit nervesamanbrot (som blei diagnostisert som schizofreni) slutt på den eventyrlege dansekarrieren hans. Resten av livet var han i ulike sanatorium og sjukehus og skreiv dessutan ei dagbok. Han døydde i 1950 og blei gravlagd på Montmartre i Paris.

Nizjinskij var den fremste dansaren av sin epoke, med ein fantastisk teknikk, dansekvalitet og hittil ukjent ekspressivitet, som kunne oppnå ei perfekt og fullstendig innleving i den utøvde rolla. Nisjinskij blei spesielt kjend for sine hopp. Han kunne hoppa høgt og lett utan å ta nokon synleg fart på førehand. Han var òg ein av dåtidas få mannlege dansarar som kunne dansa en pointe (på tåspiss). Hans kraftfulle, men likevel grasiøse teknikk - hans usedvanlege hopp, virtuositet og dramatiske uttrykk gjorde han til ei legende mens han endå var i verksemd, og han har sidan vore eit forbilde for mange ballettdansarar.

Remove ads

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads