Veblungsnes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Veblungsnesmap
Remove ads

62°33′10″N 7°40′19″E Veblungsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal ligg inst i Romsdalsfjorden ved utløpet av elva Rauma. Staden har frå gamalt vore knutepunkt i Indre Romsdal. Det er spor etter svært gamal busetnad her.

Thumb
Veblungsnes

Veblungsnes utvikla seg og voks til 1940. Då vart ein stor del av husa øydelagde av bombing i aprilsdagane. Etter krigen vart staden bygd opp att, men vart ikkje så viktig som den hadde vore før. Sjølv om eit større bustadfelt kom i 70, 80 og 90-åra, har utviklinga vore negativ; med nedlegging av skule, butikk og postkontor. I dag bur ca. 250 menneske på det som er naturleg å rekne med til Veblungsnes, frå Setnes til Djupdalen.

E 136 går gjennom staden, som ligg 3 km frå Åndalsnes. Føretak som ein finn her er Rauma Ullvarefabrikk, Veblungsnes Sandtak med ferdigbetong, HV11 på den gamle ekserserplassen Setnesmoen og Åndalsnes VandreheimSetnes.

Remove ads

Kjende personar frå Veblungsnes

  • Eli Rygg, barnebokforfattar, songar og programleiar i NRK

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Veblungsnes


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads